Qamishli
From Wikipedia, the free encyclopedia
Qamishli (arabisk قامشلي, Qāmišlī, kurdisk Qamişlo, assyrisk ܩܡܫܠܐ, Qamišlo eller ܒܝܬ ܙܐܠܝ̈ܢ, Beṯ Zālin) òg skrive Qamishly, Kamishli eller Kamishly, er ein by nordaust i Syria ved grensa til Tyrkia, tilstøytande til den tyrkiske byen Nusaybin, og ikkje langt frå Irak. Han er ein del av Al-Hasakah guvernement, og er det administrative senteret i Qamishli-distriktet. Ifølgje folketeljinga frå 2004 hadde Qamishli 184 231 innbyggjarar.[1] Qamishli-distriktet omfattar 92 busetnader, og har eit samla folketal på 232 095.
Qamishli | |||
قامشلي | |||
by | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Al Hasakah | ||
Distrikt | Qamishli | ||
Koordinatar | 37°03′N 41°13′E | ||
Folketal | 184 231 (2004) | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
Retningsnummer | 52 | ||
Qamishli 37.05°N 41.216666666667°E / 37.05; 41.216666666667 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Qamishli | |||
Qamishli ligg ved foten av Taurusfjella, 680 km nordaust for Damaskus.[2] Under Rojavakonflikten, ein del av den syriske borgarkrigen som braut ut i 2011, blei Qamishli hovudstaden i den sjølverklærte sjølvstyrande regionen Syrisk Kurdistan eller Rojava.[3][4]