Sion
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sion er eit omgrep innan jødedom, kristendom og andre religionar som opphavleg viste til eit befesta fjell i Jerusalem, Sionfjellet, men etterkvart kunne omgrepet visa til heile Jerusalem, Eretz Israel eller eit anna lova land. I dag kan Sion visa til ei konkret høgd like sør for det armenske kvarteret i Jerusalem eller til ulike religøse førestillingar om ein god, paradisisk stad.[1]
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Sion (fleirtyding).
Det hebraiske namnet for Sion er צִיּוֹן, Tziyyon, og namnet blir også skrive Tsion, Tzion og Zion.[1] Opphavet til ordet er uklar.[2][3][4] Om det kjem frå eit semittisk språk, kan det vera avleidd frå hebraisk ṣiyyôn ('borg') eller ṣiyya ('tørt land'). Ein ikkje-semittisk slektskap til det hurriske orde šeya ('elv' eller 'bekk') er også blitt føreslått.[4] Sidan staden er nemnd i Gamletestamentet som ein jebusittarstad erobra av David, kan ordet lett vera eldre enn israelittane.[2][3]
Sameulsboka nemner Sion som staden der borga til jebusittane låg og vart erobra av kong David. Ho danna grunnlaget for Davidsbyen eller Jerusalem. [5][6] Det er nemnt i Jesaja (60:14), Salmane, og den første boka av makkabearane (kring 100-talet fvt.).[6] Nemninga blei etterkvart også brukt om Tempelhøgda (Moriafjellet) og for heile Jerusalem. Under fangenskapet i Babylonia (586–538 f.Kr.) blei Sion eit symbol på heimlandet jødane lengta etter.[1] I moderne tid er omgrepet også blitt knytt til den politiske og nasjonalistiske retninga kalla sionisme.[1]