Sirkumpolar utbreiing
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sirkumpolar utbreiing er eit utbreiingsområde hjå ein art eller ei biologisk gruppe som er meir eller mindre samanhengande rundt enten nord- eller sørpolen.[1] Utbreiingsområdet kan ligge både i den tempererte og i den kalde sona. I ei snever tyding kan det visa til artar med utbreiing innanfor polarregionane.[2]
Nokre døme på sirkumpolare dyreartar er rein[3], isbjørn[4], fjellrev[3][5], snøugle[5], snøsporv[5], praktærfugl[5], ringgås[5] og fjelljo[5] i nord, og weddellsel[3] og adeliepingvin[3] i sør. Nokre nordlege sirkumpolare vekstar er harerug,[6] fjellpryd,[7] polarreddik,[2] raudsildre[8] og strandarve.[9]