Steve Kilbey
From Wikipedia, the free encyclopedia
Steven John Kilbey (fødd 13. september 1954) er ein songar, låtskrivar og bassgitarist for The Church, eit australsk rockeband. Han er òg musikkprodusent, diktar og målar.[1]
Steve Kilbey | |||
Steve Kilbey | |||
Fødd | 13. september 1954 (69 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Welwyn Garden City | ||
Fødenamn | Steven John Kilbey | ||
Opphav | Welwyn Garden City i England | ||
Aktiv | 1971 til i dag | ||
Sjanger | Alternativ rock, post-punk, dream pop | ||
Instrument | Bassgitar | ||
Stemmetype | baryton | ||
Tilknytte artistar | The Church Jack Frost Isidore | ||
Plateselskap | Enigma, Rykodisc, Rough Trade, Vicious Sloth | ||
Verka som | Songar/låtskrivar, bassgitarist, musikkprodusent, diktar, målar | ||
Born | Elektra Jansson-Kilbey |
Kilbey starta å spele i band 17 år gammal, då han vart med i eit «kabaretband». Han vart så med i Precious Little, i lag med framtidig Church-medlem Peter Koppes på trommer. Kilbey spelte så i Baby Grande, kring 1978 då han budde i Canberra. Kort tid etter skipa han The Church i lag med Koppes, Nick Ward, og Marty Willson-Piper.[1] Etter noko suksess i Australia tidleg i 1980-åra, vart Kilbey og The Church internasjonalt kjende med «Under the Milky Way» frå 1988.
Kilbey har gjeve ut seks soloalbum og samarbeidd som låtskrivar og/eller produsent for Grant McLennan (frå The Go-Betweens), Stephen Cummings og Kev Carmody. Han gav ut boka Earthed i 1986, som kom i lag med eit album med same namn med instrumental elektronisk musikk. Diktsamlinga hans Nineveh/The Ephemeron, kom i 1998.