Storlire
fugleart / From Wikipedia, the free encyclopedia
Storlire (Ardenna gravis) er ei lire i stormfuglfamilien, Procellariidae, som lever i Atlanteren. Storlira hekkar på øyar i Sør-Atlanteren og er ein trekkfugl som trekkjer nordover i den nordlege sommaren til havområda aust for Nord-Amerika.[1]
Storlire | |
Storlire utanfor North Carolina, USA Foto: Patrick Coin | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Storlire | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Aequornithes |
Orden: | Stormfuglar Procellariiformes |
Familie: | Stormfuglfamilien Procellariidae |
Slekt: | Ardenna |
Art: | Storlire A. gravis |
Vitskapleg namn | |
Ardenna gravis |
Storlira er 43–51 cm i lengd med vengespenn på 105–122 cm. Ho er identifiserbar med mørk hette, markert kvit krage, mørk overside, og undersida er kvit bortsett frå ein skitten flekk på buken. Ho har òg mørke teikningar under vengene. Oversida av halen har eit kvitt band framføre det mørke endebandet. Nebbet er mørkt. Ho flyg på stive venger, som ei stor havlire.[1]
Populasjonen var estimert til minst 15 millionar individ i 2004 og er stabil.[2]