Tettstader i Hordaland
Wikimedia-listeartikkel / From Wikipedia, the free encyclopedia
Det er 89 tettstader i Hordaland fylke. Av dei kallar desse seg by: Bergen og Odda. Stord kallar seg også by, men det gjeld heile kommunen.
78,8% av dei som bur i Hordaland fylke bur i tettstadene, medan landsgjennomsnittet er 78,9%.[1] Fire av kommunane i fylket har ingen tettstader etter SSB sin definisjon, det er Jondal, Masfjorden, Modalen og Øygarden.
Kort gjengjeve er SSB sin definisjon på tettstad ein stad med over 200 busette, der avstanden mellom husa ikkje er meir enn 50 meter. Sjå artikkelen tettstad for nærare informasjon om tettstadsomgrepet.