The Platters
From Wikipedia, the free encyclopedia
The Platters er ei USA-amerikansk vokalgruppe skipa i 1952. Dei var ein av dei mest suksessrike vokalgruppene i den tidlege rock and roll-tida. Den særeigne stilen deira var ei bru mellom Tin Pan Alley-tradisjonen frå før rocken oppstod og den blømande nye rockesjangeren. Gruppa gjekk gjennom mange endringar, men den mest suksessrike besetninga bestod av førstetenoren Tony Williams, David Lynch, Paul Robi, Herb Reed og Zola Taylor. Gruppa hadde 40 singlar inne på Billboard Hot 100-lista mellom 1955 og 1967, inkludert fire songar på toppen av lista. The Platters var ei av dei første afroamerikanske gruppene som vart akseptert som ei stor hitlistegruppe og var ei stund den mest suksessrike vokalgruppa i verda.[1]
Kjappe fakta Opphav, Aktiv ...
The Platters | |||
The Platters i tidlege år. Frå venstre til høgre: Reed, Williams, Taylor, Lynch (på kne) og Robi. | |||
Opphav | Los Angeles i California i USA | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1954–1970 (originalband) 1970 til i dag | ||
Sjanger | Rhythm and blues, soul, rock and roll, doo-wop | ||
Plateselskap | Federal Records, Mercury, Musicor Records, Antler Records | ||
Tidlegare medlemmer | Tony Williams David Lynch Paul Robi Herb Reed Zola Taylor Gaynel Hodge Alex Hodge Cornell Gunter Joe Jefferson Sonny Turner | ||
Prisar | Rock and Roll Hall of Fame |
Close