The White Man's Burden
From Wikipedia, the free encyclopedia
«The White Man's Burden» er eit kjent dikt av Rudyard Kipling som omtalar «byrden» til kvithuda folkeslag når det gjeld «primitive» koloniserte folkeslag.
Kipling gav ut diktet i 1899 i magasinet McClure's.[1] Diktet handla direkte om Sambandsstatane sin krig mot Spania og okkupasjon av Filippinane og andre spanske koloniar.[2] Diktet var opphavleg skrive til keisarinne Victoria av Storbritannia sitt diamantjubileum, men vart ikkje nytta den gongen. Då diktet kom ut i 1899 var det tilpassa amerikanske tilhøve.
Diktet oppmodar til imperiedanning, men er og kritisk til kostnadene ved dette. Diktet blir ofte nytta som ei skildring av korleis europearar og amerikanarar såg på andre folkeslag i denne tidsepoken. Samstundes skreiv forfattarar som Joseph Conrad med eit heilt anna perspektiv på kolonialismen, til dømes i Heart of Darkness. Dette kan takast som eit eksempel på at synet på kolonialisme og tilhøvet mellom kvite og andre folkeslag var inne i ei brytningstid.