Tippeligaen 2013
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tippeligaen 2013 er den 23. sesongen av den norske eliteserien i fotball som går under namnet Tippeligaen, og den femte sesongen med 16 deltakande lag. Sesongen starta fredag 15. mars då Viking tar imot Molde i Stavanger. 30 og siste runde er søndag 10. november. Regjerande meister er Molde og dei nyopprykka laga er Sarpsborg og Start.
Meir informasjon Statistikk, Andre ligaer ...
Tippeligaen 2013 | |
---|---|
Avdelingar: | 1 |
Lag: | 16 |
Opprykk til: | øvste nivå |
Nedrykk til: | 1. divisjon 2014 |
Statistikk | |
Kamper: | 240 |
Andre ligaer | |
Nivå 1: | Tippeligaen 2013 |
Nivå 2: | Adeccoligaen 2013 |
Nivå 3: | Oddsenligaen 2013 |
Nivå 4: | 3. divisjon fotball for herrar 2013 |
Nivå 5: | 4. divisjon fotball for herrar 2013 |
Nivå 6: | 5. divisjon fotball for herrar 2013 |
Nivå 7: | 6. divisjon fotball for herrar 2013 |
Sesongar | |
← 2012 | 2014 → |
Close
Dei to nedste laga rykker ned til 1. divisjon, medan nummer 14 spelar kvalifisering mot laga frå tredje til sjette plass i 1. divisjon om å halde plassen. Vinnande lag går inn i andre kvalifiseringsrunde i Meisterligaen 2014/2015.
- Det første målet denne sesongen vart scora av Mattias Moström for Molde, ti minuttar ut i kampen mot Viking
- Det første gule kortet denne sesongen vart delt ut til Johan Lædre Bjørdal på Viking, 28 minuttar ut i kampen mot Molde.
- Det første raude kortet denne sesongen gjekk til Kim André Madsen på Strømsgodset, 79 minuttar ut i kampen mot Hønefoss i andre runde.
- Det første ekte hattricket denne sesongen vart scora av Abderrazak Hamed-Allah for Aalesund i kampen deira mot Lillestrøm den 12. mai i runde 9.