Tsjukotka
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tsjukotka (russisk Чукотский автономный округ) er eit sjølvstyrt distrikt (okrug) i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Anadyr, arealet er 737 700 km² og innbyggjartalet er 50 500 (2010).
| |||||
Hovudstad | Anadyr | ||||
Areal - Totalt |
Rangering: 7. 737 700 km² | ||||
Innbyggjartal - totalt |
Rangering: 84. | ||||
Føderalt distrikt | Fjerne Austen | ||||
Økonomisk region | Fjerne Austen | ||||
Regionsnummer | 87 | ||||
Offisielt språk | Russisk | ||||
Guvernør | Roman Valentinovitsj Kopin | ||||
Nasjonalsong | |||||
Tidssone | UTC +1200 |
Tsjukotka ligg heilt aust i Russland og omfattar det austlegaste punktet på det eurasiske fastlandet. I aust er det berre skilt med nokre frå kilometer frå Alaska i USA. Landskapet er stort sett fjell og fjellvidder, med litt lågland rundt elva Anadyr. Høgste punktet er 1 843 meter over havet. Her finst førekomstar av tinn, kvikksølv, kol, gass og gull. Klimaet er arktisk - middeltemperaturen i januar er -29 grader celsius og i juli + 9 grader celsius. Havet rundt Tsjukotka er store delar av året frose.
Dei fremste næringsvegane er gruvedrift og reindrift.