United Airlines
From Wikipedia, the free encyclopedia
United Airlines er eit amerikansk flyselskap med IATA-koden UA og ICAO-koden UAL. Det er verdas største om ein tel talet på destinasjonar.[2] Hovudkontoret er i Willis Tower (tidlegare Sears Tower) i Chicago i Illinois.[3] Selskapet har rundt 88 500 tilsette og opererer over 715 fly. United Airlines var ein av grunnleggjarane av Star Alliance, den første og største flyselskapalliansen i verda.
Kjappe fakta Bransje, Skipa ...
United Airlines | |||
| |||
Bransje | Lufttransport | ||
---|---|---|---|
Skipa | 6. april 1926 | ||
Forgjengar(ar) | Varney Air Lines | ||
Hovudkontor | Willis Tower, Chicago | ||
Land | USA | ||
Tenester | United Airlines fleet, Boeing 737-700, Boeing 737-800, Boeing 737-900, Boeing 737-900ER, Boeing 767-300ER, Boeing 767-400ER | ||
Adm.dir. | Edward Carlson (1971) | ||
Marknadsverdi | 22 900 000 000 USA-dollar (24. januar 2019)[1] | ||
Nettstad | https://www.united.com |
Close
Hovudflyplassane selskapet bruker er O'Hare, Washington Dulles, Denver, San Francisco og Los Angeles internasjonale lufthamn. Hovudkonkurrentane til selskapet er American Airlines, Delta Air Lines og Southwest Airlines.
To fly frå United Airlines vart kapra og brukt under terroråtaka 11. september 2001. UA var tidlegare eit dotterselskap av Boeing.