VM i friidrett 1995
From Wikipedia, the free encyclopedia
Verdsmeisterskapen i friidrett 1995, den 5. i rekka, vart avvikla på Ullevi stadion i Göteborg frå 5. til 13. august 1995. Gjennom meisterskapen vart det tevla i 24 øvingar for menn og 20 for kvinner. Frå 191 deltakarland vart påmeldt 1804 utøvarar.
Under meisterskapen vart sett tre verdsrekordar. I tresteghopp vart sett verdsrekord både for menn og kvinner. Jonathan Edwards frå Storbritannia landa på 18,29 meter, medan Inessa Kravets frå Ukraina noterte seg for 15,50 m. Kim Batten frå USA kom i mål på 52,61 sekundar på 400 m hekk for kvinner.
Vebjørn Rodal tok Noregs einaste medalje då han fekk bronsen på 800 meter. Steinar Hoen vart nummer fem i høgdehopp og Geir Moen nummer seks på 200 meter. Sjetteplassar vart det også på dei norske kvinnene Hanne Haugland i høgdehopp og Mette Bergmann i diskoskast.