Vepsisk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Vepsisk er eit språk som høyrer til den austersjøfinske språkgreina av den uralske språkfamilien. Ved folketeljinga i Russland i 2010 vart vepsisk snakka av ca. 3 610 menneske på sør- og austsida av Onega, av eit folketal på 5 940 vepsarar.
Kjappe fakta
Vepsisk vepsä, vepsän kel', vepsän keli | ||
Klassifisering | uralske språk austersjøfinske språk | |
Bruk | ||
Tala i | Russland | |
Område | Den karelske republikken, Leningrad oblast Vologda oblast | |
Vepsisktalande i alt | 3 610 (2010) | |
Rangering | Ikkje blant dei 100 største | |
Skriftsystem | Kyrillisk, latinsk | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | - | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | vep | |
Glottolog | veps1250 | |
Close
Vepsisk er det austlegaste av dei austersjøfinske språka, dette gjer språket relevant for sambandet mellom austersjøfinsk og mordvinsk, og for teoriar om dei utdøydde språka merja og muroma.