Leningrad oblast
From Wikipedia, the free encyclopedia
Leningrad oblast (russisk Ленингра́дская о́бласть; Leningradskaja oblast) er eit oblast vest i Russland. Leningrad oblast er ei føderal eining i den russiske føderasjonen. Oblastet omfattar omlandet til byen St. Petersburg, som tidlegare heitte Leningrad, men byen sjølv er ikkje del av oblastet. Namnet Leningrad kjem av Vladimir Lenin. Sjølv om byen skifta namn frå Leningrad til St. Petersburg etter kommunismens fall vart det i ei folkerøysting i Leningrad oblast fleirtal for å behalda namnet Leningrad. Provinsen grensar til Finland og Estland, og har kyst til Austersjøen.
| |||||
Hovudstad | St. Petersburg | ||||
Areal - Totalt |
Rangering: 39. 85 300 km² | ||||
Innbyggjartal - totalt |
Rangering:27. | ||||
Føderalt distrikt | Severo-zapadnyj (Nordvestlege) | ||||
Økonomisk region | Severo-zapadnyj (Nordvestlege) | ||||
Regionsnummer | 47 | ||||
Offisielt språk | Russisk | ||||
Guvernør | Aleksandr Jurjevitsj Drozdenko | ||||
Nasjonalsong | |||||
Tidssone | UTC +0300 |
Delar av Leningrad oblast, på Det karelske neset, var del av Finland fram til Vinterkrigen i 1940. Eit lite grenseområde var del av Estland fram til den andre verdskrigen.
Sidan 1987 har Leningrad oblast hatt eit omfattande samarbeid med Nordland fylkeskommune. Sju kommunar i Nordland har inngått samarbeidsavtalar med kommunar i Leningrad oblast. Dette er: Bodø og Viborg, Narvik og Kingisepp, Vefsn og Volkhov, Steigen og Podporozje, Gildeskål og Lodejnoje Pole, Tysfjord og Kirisji, Ballangen og Tosno.