Væringar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Væringar er ei felles norrøn nemning på dei mennene som tenestegjorde i vaktstyrken hjå keisaren av Miklagard (Konstantinopel). Væringar var ei form for leigesoldatar på 900- og 1000-talet.
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Væringar som omgrep er nærskyldt eller overlappande med omgrepet varjagar, «dei edsvorne», som var dei mennene som dreiv handel austover og sørover på dei russiske elvene, eller dreiv plyndring som vikingar. Arkeologiske funn på Gotland i form av utanlandske mynter tyder på eit vestleg senter for denne handelen, og at handelen var monaleg. Den dag i dag kan ein sjå spor etter væringar i Istanbul, ved å sjå runer i Hagia Sofia.