Zákynthos
From Wikipedia, the free encyclopedia
Zákynthos (gresk Ζάκυνθος, italiensk Zante) er den tredje største øya i Dei joniske øyane i Hellas med eit areal på 410 km² og ei kystlengd på 123 km. Zákynthos var tidlegare eit prefektur, men er frå 2011 ei periferieining i periferien Dei joniske øyane. Zákynthos er den einaste kommunen i periferieininga.[2] Til kommunen høyrer òg den vesle øygruppa Strofádes i sør.
Zákynthos Lokalt namn Ζάκυνθος | |
---|---|
Hamna på Zákynthos | |
Geografi | |
Stad | Det joniske havet |
Koordinatar | 37°48′N 20°45′E |
Øygruppe | Dei joniske øyane
|
Areal | 410 km²
|
Høgaste punkt | Vrakhiónas (758 moh.) |
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Dei joniske øyane Zákynthos |
Største busetnad | Zákynthos by (9 760 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 41 180 (2021[1]) |
Folketettleik | 100,4 /km² |
Øya er kalla opp etter Zakynthos, son til ein legendarisk høvding kalla Dardanos. Namnet, som liknande namn som endar på -nthos, har førmykensk eller pelasgisk opphav. Zákynthos har ein blømande turistindustri og er eit av dei store turistmåla i Hellas.
Zákynthos har eit variert terreng med frodige sletter i søraust og fjelllendt terreng med bratte klipper langs kysten i vest. Det milde middelhavsklimaet og nok regn om vinteren har gjeve øya ein tett vegetasjon. Av jordbruksprodukt som vert dyrka her finn ein oliven, korintar, druer og sitrusfrukter.
Den mest kjende personen frå Zákynthos er diktaren Dionysios Solomos, ein av dei store diktarane i moderne gresk historie som skreiv nasjonalsongen til Hellas på 1800-talet.
I sørvest ligg den nasjonale marine parken på Zákynthos der ein kan finne havskjelpadder. Kvart år i juni kjem hoene til dei sørlege strendene for å legge egg i sanden.
Hamna på Zákynthos har ferjesamband til Kyllíni på fastlandet. Ei anna båtrute går frå landsbyen Skinári til Argostóli på øya Kefaloniá.