Ålesund
by i Noreg / From Wikipedia, the free encyclopedia
Ålesund er ein by og administrasjonssenter i Ålesund kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden strekkjer seg òg over kommunegrensa til Sula kommune.
Ålesund | |||
by | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Ålesund | ||
Del av | Ålesund | ||
Areal | 28,88 km² | ||
Folketal | 55 386 (2023) | ||
Folketettleik | 1 918 / km² | ||
Postnummer | 6000 | ||
Innbyggjarnamn | ålesundar/ålesunding | ||
Preposisjon | i Ålesund | ||
Ålesund 62.47225°N 6.15492°E / 62.47225; 6.15492 |
Tettstaden Ålesund strekkjer seg såleis over alle dei sentrale øyane som Ålesund består av, frå Hessa, via Aspøya, Nørvøya, Oksnøya og deretter over Vegsundet til øya Sula og Sula kommune, og deretter langs mesteparten av Sula til Langevåg.
Ålesund hadde 47 772 innbyggjarar pr 1. januar 2011[1]. Av desse budde 39 367 i Ålesund kommune, og 7 104 i Sula kommune.
Kystbyen er ei av verdas største eksporthamner for klippfisk og har ei travel fiskerihamn midt i sentrum med sal av fersk fisk og reker. Ålesund huser eitt av fylket sine to eliteserielag i fotball, Aalesunds FK.
Ålesund er internasjonalt kjend for sin særprega arkitektur i jugendstil med tårn, spir og fantasifulle ornament på husfasadane. Arkitekturen i sentrum av Ålesund er resultatet av den katastrofale bybrannen i 1904, då heile sentrum blei lagt aude. Arkitektane som var med i gjenreisinga, var unge, norske og inspirert av dåtida sin moderne byggestil, i tillegg til nasjonale og nasjonalromantiske impulsar. Difor har byen ein unik plass i norsk arkitekturhistorie og er med i eit europeisk nettverk for art nouveau[2] saman med mellom anna Glasgow, Nancy, Wien, Barcelona, Brussel og Riga.
Ålesund er i dag ein by i vekst; innbyggartalet har auka frå 35 000 (1993) til 43 000 (2009), og ein forventa det vil passere 50 000 innan 2018. Byen har vakse saman med nabokommunane Sula og Giske som ligg tett til Ålesund då dei undersjøiske tunnelane gjer at folk kan køyre til Ålesund sentrum i løpet av 5-15 minutt. Med om lag 200 butikkar og 60-70 serveringsstader, er Ålesund sentrum det største handels- og servicsenter mellom Bergen og Trondheim.[treng kjelde]
Ålesundregionen er den største byregionen mellom Bergen og Trondheim og er eit kjerneområde på Sunnmøre når det gjeld næringslivsaktivitet og folkesetnad og fungerer som eit teneste- og kommunikasjonsknutepunkt for heile regionen.
Ålesund er og hovudby i regionrådet Ålesundregionens Utviklingsselskap (ÅRU), ein region med over 100 000 innbyggarar.
Ålesund ligg omtrent midt mellom Bergen og Trondheim (Ca 3 mil kortare til Bergen).