Østfold fylke
fylke i Noreg / From Wikipedia, the free encyclopedia
Østfold fylke, stundom kalla Austfold, er eit fylke i Noreg. Fylket er det søraustlegaste i landet og ligg på den austre sida av Oslofjorden, med grensar til Akershus i nord og vest og til Sverige og dei svenske fylka Värmlands län og Västra Götalands län i aust. I perioden frå 2020 til 2023 var Østfold ein del av Viken fylke. Det blei eit eige fylke igjen den 1. januar 2024, og tok i bruk dei gamle grensene, med unntak av Rømskog som blei ein del av Akershus fylke.
Kjappe fakta Land, Adm.senter ...
Østfold fylke | |||
fylke | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Adm.senter | Sarpsborg | ||
Areal | 4 004,2 km² | ||
- land | 3 730 km² | ||
- vatn | 274 km² | ||
Folketal | 312 152 (1. januar 2024) | ||
Folketettleik | 84 / km² | ||
Målform | bokmål | ||
Fylkesordførar | Sindre Martinsen-Evje (Ap) | ||
Fylkesnummer | 31 | ||
Østfold fylke 59.333333333333°N 11.333333333333°E / 59.333333333333; 11.333333333333 | |||
Wikimedia Commons: Østfold | |||
Lukk
Østfold har seks byar: Askim, Mysen, Fredrikstad, Halden, Moss og Sarpsborg.