Bokmål
ein offisiell skriftstandard av norsk / From Wikipedia, the free encyclopedia
Bokmål er eit skriftspråk for norsk og er ei av dei to offisielle målformene i Noreg. Det er likestilt med nynorsk gjennom lovverket. Det er usikkert kor mange som nyttar bokmål som hovudmålform, men truleg er det vel 85 % av den norske befolkninga.[1]
Bokmål bokmål, riksmål, norsk | ||
Klassifisering | Indo-europeisk Germansk Nordisk Fastlandsnordisk | |
Bruk | ||
Tala i | Noreg | |
Område | Noreg | |
Skriftsystem | Latinsk (norsk variant) | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Noreg | |
Normert av | Norsk språkråd | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | nb (bokmål) no (norsk) | |
ISO 639-2 | nob (bokmål) nor (norsk) | |
ISO 639-3 | nob (bokmål) nor (norsk) | |
Bokmål vert av somme kalla norsk-dansk og av andre dansk-norsk. Desse nemningane er meinte å syne til særlege meiningar i den norske målstriden, eller til særlege definisjonar av dei ulike språka og målformene. Nemninga norsk-dansk tyder på at ein meiner bokmål i røynda er dansk språk som berre har lånt inn einskildord og stavemåtar frå norsk, medan nemninga dansk-norsk skal syne at bokmål har dansk rot, men har vorte eit eige norsk språk, sidan det er i bruk i Noreg og er såpass ulikt dansken.