Delfí
From Wikipedia, the free encyclopedia
Delfí (gresk Δελφοί) er ein sentral arkeologisk funnstad i Hellas. I dag er det namnet på ein landsby og ein kommune i periferieininga Fokída i periferien Sentral-Hellas.
Delfí Lokalt namn Δελφοί | |
---|---|
Utsyn mot landsbyen Delfí | |
Geografi | |
Stad | Sentral-Hellas |
Koordinatar | 38°29′N 22°30′E |
Areal | 1 123,0 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Sentral-Hellas Fokída |
Hovudsete | Ámfissa (6 334 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 24 165 (2021[1]) |
Folketettleik | 21,5 /km² |
I antikken var det staden for det viktigaste orakelet til guden Apollon. Den greske verda følte ærefrykt for Delfí på grunn av ομφαλός (omfalos)-steinen, «verdas navle» og sentrum i universet. I den indre eldstaden (ἑστία, hestia) i tempelet til den delfiske Apollon (Ἀπόλλων Δελφίνιος, Apollon Delfinios) brann ein evig flamme (άσβεστος φλόγα). Etter slaget ved Plaitaia sløkte dei greske byane sine flammar og førte ny eld frå eldstaden til Hellas. I grunnleggingsfortellingane om dei greske koloniane vart kolonistane først vigde ved Delfí.[2] Opphavleg heitte Delfí Pytho, av det greske verbet píthin (= å rotne), på grunn av stanken då slangen Python rotna etter at Apollon hadde drepe henne.