Sentral-Hellas
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sentral-Hellas eller Kontinental-Hellas (gresk Στερεά Ελλάδα, Stereá Elláda) er ein av dei tradisjonelle regionane i Hellas. Området samsvarer i store trekk med den delen av den første greske staten frå 1832 som låg nord for Korintbukta. I seinare år har Attikí med hovudstaden Aten ofte blitt rekna som ein eigen region.
- For periferien med same namn, sjå periferien Sentral-Hellas
Kjappe fakta
Sentral-Hellas | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
| |||||
Land: | Hellas | ||||
Periferi: | Vest-Hellas Sentral-Hellas Attikí | ||||
Folketal: | 4 504 999 (2021)[1] | ||||
Areal: | 24 278 km² | ||||
Folketettleik: | 186/km² | ||||
Close
Området høyrer i dag til periferiane Sentral-Hellas og Attikí i tillegg til periferieininga Etoloakarnanía i periferien Vest-Hellas.