Evmaios
Odyssevs sin grisegjetar og ven i gresk mytologi / From Wikipedia, the free encyclopedia
Evmaios (gammalgresk Εὔμαιος/Eúmaios)[1] er ein figur frå Odysseen, eit gresk episk dikt av Homer.[2] Han er med frå den fjortande songen (Odyssevs' samtale med Evmaios).
I gresk mytologi var Evmaios Odyssevs sin grisegjetar og ven. Faren hans, Ktesios son til Ormenos, var konge på ei øy kalla Syra (dagens Syros), sjølv om det òg har vorte antyda at Evmaios refererte til Siracusa på Sicilia.[3]
Odyssevs, når han kjem til heim, presenterer seg forkledd som ein tiggar for Evmeios, som tar varmt imot han. Det er i hytta hans Odyssevs avslører den sanne identiteten sin til sonen Telemakos. Grisegjetaren vil då hjelpa Odyssevs med å overvinna belarane, i den store hallen til det kongelege palasset på øya Itaka.