Larsenisen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Larsenisen er ein lang isbrem nordvest i Weddellhavet som strekkjer seg langs austkysten av Den antarktiske halvøya frå Cape Longing i området like sør for Hearst Island. Han er kalla opp etter kaptein Carl Anton Larsen, kapteinen på den norske kvalskuta «Jason», som segla langs isfronten så langt sør som til 68°10' i løpet av desember 1893.[1]
Larsenisen | |||
isbrem | |||
Larsen B kollapsar. Biletet syner forsvinnga frå 1998 til 2002. | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Oates Land | ||
- koordinatar | 67°30′S 62°30′W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Larsenisen 67.5°S 62.5°W / -67.5; -62.5 | |||
Wikimedia Commons: Larsen Ice Shelf | |||
Larsenisen er (eller var) i røynda ei rekkje på tre isbremmar som dekkjer (eller dekte) fråskilde bukter langs kysten. Frå nord til sør vert dei tre kalla Larsen A (den minste), Larsen B og Larsen C (den største) av forskarar som arbeider i området. Larsen A-isen forsvann i januar 1995.[2] Larsen B-isen forsvann i februar 2002. Larsen C-isen verka å vere stabil i 2008, men forskarar har varsla at om den lokale oppvarminga held fram som i dag, så vil denne isen òg forsvinne ein gong i nær framtid.[3]
Oppløysinga av Larsenisen var særs uvanleg. Typisk mistar isbremmane masse ved at isfjell kalvar og ved at den øvre og nedre flata smeltar. Oppløysinga av Larsenisen er knytt til den pågåande oppvarminga på Den antarktiske halvøya, som har vore kring 0,5 °C per tiår sidan slutten av 1940-åra. Dette er rekna som ein konsekvens av lokal oppvarming av Den antarktiske halvøya,[4] som igjen kjem av den globale oppvarminga, i følgje somme forskarar på grunn av forsterking av vinden kring Antarktis.[5]