Malmö
From Wikipedia, the free encyclopedia
Malmö | |||
by | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Areal | 7 833 km² | ||
Folketal | 325 069 (31. desember 2020) | ||
Malmö 55.593188589918°N 13.021423031021°E / 55.593188589918; 13.021423031021 | |||
Wikimedia Commons: Malmö | |||
Malmö (dansk Malmø) er ein by i Malmö kommun i Skåne, sør i Sverige. Byen voks fram på 1200-talet, og er administrasjonssenter for både Skåne län og Malmö kommun. Byen Malmö er den tredje største i Sverige med 280 415 innbyggjarar i 2011.
28 % av folkesetnaden i Malmö er fødde i utlandet, og til saman 174 land er representert. I løpet av dei siste tiåra har Malmö gått frå å vere ein utprega industriby til å ha eit variert næringsliv med svært mange arbeidsplassar innan handel og tenesteyting. Det er òg stor innpendling frå omegnskommunane. Største arbeidsgjevarar er Malmö stad, Skåne län og Skanska Sverige AB.
Malmö har bl.a veg- og jernbanesamband til København via Øresundsbrua og ferjesamband med Travemünde/Lübeck.
Det tyske namnet på byen var Elbogen (som 'olboge') med tanke på bogeforma til kysten ved Limhamn. Tidlegare betydde ordet malm òg grus.[1] Det mest påfallande landemerket i byen er Turning Torso, som med ei høgd på 190 meter er ei av dei høgaste bustadblokkene i Europa.