Skåne
From Wikipedia, the free encyclopedia
Skåne er det landskapet som ligg lengst sør i Sverige. Det ligg i det området som historisk sett vert kalla Skåneland. Landskapet fell for det meste saman med lenet Skåne län, tidlegare delt opp i Malmöhus og Kristianstads län. Eit lite område av Halland, Östra Karups socken, inngår òg i Skåne län. Skåne er ei stor halvøy som i nord grensar opp mot dei tre landskapa Halland, Småland og Blekinge frå vest mot aust. I vest ligg Kattegat og det smale Øresund som skil Skåne frå Danmark; I sør og aust ligg Austersjøen. Skåne utgjer saman med austlege delar av Sjælland den såkalla Øresundsregionen.
Skåne | |||
landskap | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Län | Skåne | ||
Del av | Sverige | ||
Areal | 11 027 km² | ||
Folketal | 1 386 530 (31. desember 2020)[1] | ||
Skåne 55.8°N 13.61666667°E / 55.8; 13.61666667 | |||
Wikimedia Commons: Skåne | |||
Skåne er det største av dei tidlegare danske Skånelanda med omtrent 1,4 millionar innbyggjarar. Skåne, som tidlegare var delt i Malmöhus län og Kristianstads län, har sidan 1997 vore styrt av Region Skåne, medan Skåne län tek i var dei regionale oppgåvene til staten.
Adam av Bremen skildrar i 1068 Skåne som den rikaste, venaste og viktigaste delen av Danmark, med den største folkesetnaden og eit stort handelssentrum. Lund var i ein kort periode hovudstad i Danmark, og Malmö var i fleire hundre år den nest største byen i Danmark. Frå omkring 1100 budde erkebiskopen i Danmark i Lund, og her vart det danske riksbanneret Dannebrog oppbevart. Skånemarknaden ved Skanør og Falsterbo var etter Øresundstollen den viktigaste inntektskjelda til Danmark.
Erkebispesetet i Lund styrte i ein periode over eit område som strekte seg frå den nordtyske kysten til Nordkalotten. Allereie på 1000-talet hadde Skåne ifølgje Adam av Bremen 300 kyrkjer, fleire enn i heile resten av Danmark. Kyrkja i Dalby, bygd av Knud IV den heilage i 1060 var den første steinkyrkja i Danmark. I Skåne budde dei rikaste og mektigaste danske adelsslektene. Ingen konge kunne ta over den danske trona utan å ha vorte hylla av skåningane på Lerbäckshøjen ved Lund.
Namnet «Skåne» er truleg ei forvansking av det oldgermanske 'skadin-auio' (skjer-øy), som òg vart overteke av romarane som nemning for 'Skandinavia', heile området nord for Germania (det noverande Tyskland).