Tettstader i Nordland
Wikimedia-listeartikkel / From Wikipedia, the free encyclopedia
Det er 72 tettstader i Nordland fylke (2023). Av dei kallar desse elleve seg by: Bodø, Brønnøysund, Fauske, Leknes, Mo i Rana, Mosjøen, Narvik, Sandnessjøen, Sortland, Stokmarknes og Svolvær.
Ca. 72 % av dei som bur i Nordland bur i tettstadene, medan landsgjennomsnittet er 83 %.[1] 43 % av folkesetnaden budde i ein av dei sju største tettstadene i 2023.
Fire kommunar har ingen tettstad, dette er Flakstad, Rødøy, Beiarn og Vevelstad kommune. Kort gjengjeve er SSB sin definisjon på tettstad ein stad med over 200 busette, der avstanden mellom husa ikkje er meir enn 50 meter. Sjå artikkelen tettstad for meir informasjon om tettstadomgrepet.