Trøndelag fylke
fylke og landsdel i Noreg / From Wikipedia, the free encyclopedia
Trøndelag (sørsamisk: Trööndelage) er eit fylke sentralt i Noreg. Det vart oppretta 1. januar 2018 som ei samanslutning av fylka Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag, som vedtok å slå seg saman i april 2016. Fylket grensar til Nordland i nord, til Møre og Romsdal i sørvest og til Innlandet i sør. I aust grensar fylket til Jämtlands län i Sverige. Folk frå Trøndelag blir kalla trønderar.
- «Trøndelag» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå Trøndelag (fleirtyding).
Kjappe fakta Land, Del av ...
Trøndelag fylke | |||
fylke | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Del av | Trøndelag | ||
Adm.senter | Steinkjer | ||
Areal | 41 271 km² | ||
- land | 38 790 km² | ||
- vatn | 2 481 km² | ||
Folketal | 482 956 (1. januar 2024) | ||
Folketettleik | 12 / km² | ||
Målform | nøytral | ||
Statsforvaltar | Frank Jenssen | ||
Fylkesordførar | Tore O. Sandvik (Ap) | ||
Fylkesnummer | 50 | ||
Trøndelag fylke 63.426944444444°N 10.393055555556°E / 63.426944444444; 10.393055555556 | |||
Wikimedia Commons: Trøndelag | |||
Nettstad: www.trondelagfylke.no | |||
Lukk
Både fylkeskommunen og statsforvaltaren har hovudsete på Steinkjer og avdeling i Trondheim. Fylkeskommunen har administrativ leiing med rådmannsfunksjon lagt til Steinkjer og ordførarfunksjonen er lagt til Trondheim.
Fylkesvåpenet til Trøndelag er ein utbøygd gull kross på sølv grunn. Det har tidlegare vore våpenet til Nord-Trøndelag fylke, frå 1957 til 2018.