Valdivia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Valdivia (spansk uttale: [balˈdiβja]; mapuche: Ainil) er ein by i det sørlege Chile, administrert av Valdivia kommune. Byen er oppkalla etter grunnleggjaren Pedro de Valdivia og ligg ved samanløpet av elvane Calle-Calle, Valdivia og Cau-Cau, omtrent 15 km aust for kystbyane Corral og Niebla. Valdivia vart grunnlagt i 1552 og blei ein spansk enklave i eit område dominert av mapuche urfolksgrupper. I ein periode var byen Valdivia og Chiloé-øyane dei to sørlegaste utstikkarane av det spanske imperiet.
Valdivia | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Styresmakter | |||||
Land Region |
Chile Los Ríos-regionen | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd | 1 016 km² | ||||
Innbyggjarar | 150 048 (2017) | ||||
Innbyggjarar - By (2017) |
150 048[1] | ||||
Høgd over havet | 5 m | ||||
Tidssone | UTC-04:00, UTC-03:00 (UTC) | ||||
Diverse anna | |||||
Heimeside: http://www.munivaldivia.cl/ | |||||
Nettstad: www.munivaldivia.cl/web/ | |||||
Plassering | |||||
Frå 1645 til 1740 var byen direkte avhengig av visekongedømmet Peru, som finansierte bygginga av det valdiviske fortsystemet som gjorde Valdivia til ein av dei mest styrkte byane i den nye verda.[2] På midten av 1800-talet var Valdivia inngangsporten for tyske immigrantar som slo seg ned i byen og områda rundt.
Det store chilenske jordskjelvet i 1960 gjorde alvorlege skadar i Valdivia. Dette er det kraftigaste jordskjelvet som nokon gong er registrert med ein styrke på 9,5.[3] Jordskjelvet forårsaka ca. 2 meter med nedsøkking rundt Valdivia og lèt etter seg store område med tidlegare beitemarker og dyrka mark permanent overfløymde.[4] I dag er det ulike verna våtmarker[5] innanfor det urbaniserte området Valdivia så vel som i utkanten.[6]
Sidan oktober 2007 har Valdivia vore hovudstaden i Los Ríos-regionen og er også hovudstaden i Valdivia-provinsen. Den nasjonale folketeljinga for 2017 registrerte at kommunen Valdivia hadde 166 080 innbyggjarar (Valdivianos), og 150 048 budde i byen.[7] Dei viktigaste økonomiske aktivitetane til Valdivia inkluderer turisme, tremasseproduksjon, skogbruk, metallurgi og ølproduksjon. Byen er også heimen til Universidad Austral de Chile, grunnlagd i 1954 og Centro de Estudios Científicos, ein privat forskingsinstitusjon.