Ystad
svensk by / From Wikipedia, the free encyclopedia
Ystad er ein svensk by i Skåne län i landskapet Skåne, 55 km søraust for Malmö. Han er administrasjonssenter for Ystad kommune og i 2020 hadde byen 20 105 innbyggjarar.
Kjappe fakta Land, Areal ...
Ystad | |||
by | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Areal | 1 099 km² | ||
Folketal | 20 195 (31. desember 2020) | ||
Ystad 55.434619741448°N 13.825365282235°E / 55.434619741448; 13.825365282235 | |||
Wikimedia Commons: Ystad | |||
Lukk
Han er eit handelssenter for det søraustlege Skåne med verkstads- og næringsmiddelindustri. Byen er òg eit veg- og jernbaneknutepunkt med ferjesamband til Rønne på Bornholm og Šwinoujście i Polen. Ystad er ein turist- og badestad og ein av dei best bevarte mellomalderbyane i Sverige med mange gamle bindingsverkshus. Mariakyrkja er frå kring 1200, medan Gråbrørklosteret er frå 1267. Ystad fekk bystatus på midten av 1200-talet.