Antarktisk flora
From Wikipedia, the free encyclopedia
Antarktisk flora er eit eige florarike som utvikla seg for fleire millionar år sidan på superkontinentet Gondwana, og som no finst på fleire fråskilde område på den sørlege halvkula, som sørlege Sør-Amerika, den sørlegaste delen av Afrika, New Zealand, Australia og Ny-Caledonia. Joseph Dalton Hooker var den første som la merke til likskapar i desse floraene og spekulerte i om Antarctika hadde vore anten kjelda til eller det samanbindande punktet for dei, og om landmassar som no var skilde tidlegare hadde lege samla.[1][2] Botanikaren Ronald D'Oyley Good identifiserte eit eige antarktisk florarike i sørlege Sør-Amerika, New Zealand og sørlege øygrupper ut frå likskapane i plantar her. Australia blei utpeikt som sitt eige florarike ettersom området også hadde mange artar som stamma frå tropisk Eurasia.
Vedplantar i den antarktiske floraen omfattar bartre i familiane Podocarpaceae, Araucariaceae og underfamilien Callitroideae (i Cupressaceae), og dekkfrøplantar som familiane Proteaceae, Griseliniaceae, Cunoniaceae, Atherospermataceae og Winteraceae, og slekter som sørbøk (Nothofagus) og fuchsia (Fuchsia). Floraen omfattar også mange andre familiar av blomstrande plantar og bregnar, mellom anna trebregnen Dicksonia.