Eurovision Song Contest 2015 (ESC 2015), offisielt 60. Eurovision Song Contest, var den 60. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Wiener Stadthalle i Wien i Austerrike, med semifinalar 19. og 21. mai og finale 23. mai 2015.[1][2][3]
Kypros, Tsjekkia og Serbia kom attende til tevlinga, medan Ukraina trekte seg. 10. februar 2015 annonserte Eurovision.tv at Australia ville debutere i tevlinga, og ville verte direktekvalifisert til finalen.[4] I tillegg fekk landet røyste i båe semifinalane og i finalen.[4]
Etter ein anspent røysteprosess, basert på eit format med 50 prosent juryrøyster og 50 prosent telefonrøyster, vann Sverige tevlinga for sjette gong, med «Heroes» av Måns Zelmerlöw. Sverige vart det fyrste landet som vann to gonger med dette formatet, og det var landet sin andre siger på fire år og i det 21. århundre. Italia vann telefonrøystinga, med Russland på andreplass og Sverige på tredjeplass. Sverige vann juryrøystinga, med Latvia på andreplass og Russland på tredjeplass. Dette var fyrste gong sidan juryen vart gjeninnført i 2009 at vinnaren ikkje vann telefonrøystinga. For fyrste gong fekk alle landa heilt ned til fjerdeplass meir enn 200 poeng. Det russiske bidraget vart det fyrste ikkje-vinnande bidraget som fekk meir enn 300 poeng. Austerrike og Tyskland vart dei fyrste landa sidan 2003 som ikkje fekk poeng i finalen. Austerrike vart òg det fyrste vertslandet som ikkje fekk poeng. Montenegro og Tsjekkia fekk sine beste plasseringar nokonsinne i denne tevlinga. 197 millionar menneske i verda over såg tevlinga, to millionar fleir enn i 2014, noko som er ny rekord.