Eurovision Song Contest 2016 (ESC 2016), offisielt 61. Eurovision Song Contest, var den 61. gongen Eurovision Song Contest vert arrangert. Tevlinga vart halden i Globen i Stockholm, etter at Sverige vann tevlinga i 2015.
Førtitre land melde seg på tevlinga, mellom dei Bosnia-Hercegovina, Bulgaria, Kroatia og Ukraina, som kom attende etter ein pause på høvevis tre, to og eit år.[5] Ein avtale mellom australske Special Broadcasting Service og Den europeiske kringkastingsunionen gjorde at Australia ufriviljug måtte trekkje seg sidan dei ikkje vann tevlinga i 2015. 17. november 2015 vart det likevel stadfesta at Australia fekk ta del i tevlinga, men mått kvalifisere seg til finalen gjennom ein av dei to semifinalane.[6]
Etter ein røysteprosess basert på eit format med 50 prosent juryrøyster og 50 prosent telefonrøyster, vann Ukraina tevlinga for andre gong, med «1944» av Jamala. Australia vann juryrøystinga, med Ukraina på andre plass og Frankrike på tredje plass. Russland vann telefonrøystinga, med Ukraina på andre plass og Polen på tredje plass. Dette var fyrste gongen at vinnarlandet ikkje vann jury- eller telefonrøystinga.